Velkomen til Stardalen

Stardalen Hyttegrend ligg i den vakre Stardalen i Jølster kommune, nær opp til Jostedalsbreen nasjonalpark, midtvegs mellom Bergen og Ålesund. Stardalen, som er den austre delen av Jølster, ligg idyllisk til med vakker og vill vestlandsnatur. Hyttegrenda ligg nokre km. vekk frå hovedtrafikkåre i rolege omgjevnader, fritt for støy frå industri og biltrafikk. Bilveg heilt fram til hyttene. Avstand til butikk og kafé ca 500m. Dei fleste innbyggjarane i Stardalen lever av jordbruk, basert på husdyr; kyr, sauer og geiter. Her er fleire sidedalar, med blant anna bygningar frå tidlegare tiders støylsdrift, eignar seg for lette ski eller fotturar. I tillegg er her store mulegheiter for andre turar, i fjell og på bre,alt etter din eigen interesse og fysiske form. Avstand til kommunesenteret Skei er 12 km. Her finn du: bank, minibank, postkontor, bensinstasjon, bilverkstad, politi og lege. Skei er eit trafikknutepunkt med gode komunikasjonsårer til andre deler av landet, og eit godt utgangspunkt for dagsturar. Her finn du og Audhild Vikens Vevstove. Ein av landets største forretningar når det gjeld husflidsprodukt.

Bestill hytte no

Sikre deg ei hytte i den flotte sommar og haustsesongen no. Sjekk ledige hytter via booking.com.

Booking

Hyttene våre

Stardalen Hyttegrend er eit anlegg med 10 utleigehytter med høg standard. 6 av hyttene er bygde i 1994 dei 4 andre bygde i 2002. Kvar hytte er på ca 52 m² med utvendig delvis overbygd veranda. Hagemøblar. Hyttene ligg usjenert til, med flott utsikt til fjell og bre.

Video frå hyttegrenda

Laga av: Marek Malinowski

Les meir
Tømmerhyttene

Nokre av hyttene er tømmerhytter og eignar seg til bruk vår, sommar og haust. Dei har 2 soverom med doble senger. I tillegg er det

Les meir
Dei isolerte hyttene våre

Hyttene er fullisolerte og eignar seg til bruke heile året. Dei har 2 soverom med doble senger. I tillegg er det sovemoglegheiter i stove. Stove

Les meir

Booking

Ta kontakt for booking, vi svarer så snart vi kan

Book hytte direkte hos oss.

Prisar: 1300 pr natt / sengetøy 110 pr.person / covid19 reingjering 500

Aktivitetar i nærområdet

Stardalen har mange spennande aktivitetar å by på både sommar og vinter. Frå rolege turar i skog og mark, ein fisketur i elv eller vatn til luftige turar i fjell og bre.

Tur til skaret

Hausttur til Skaret i Befringsdalen, like innunder Jostedalsbreen er ein fantastisk tur. Enkel tilkomst på...

Guida breføring

Bre og Fjell AS tilbyr guida breføring på Haugabreen. Haugabreen Haugabreen er en lett tilgjengeleg brearm...

Oldeskaret

Ein tur til Oldeskaret er fint for dei fleste. Dette er ein litt lenger tur...

Støylane i Befringsdalen

Turen til Befringsdalen er ein enkel tur på fine grusvegar. Du kan velje om du...

Tur i Veitebergsdalen

Bakkestøylen er eit lett tilgjengeleg turmål. Her er god veg og godt brukt sti, som...

Fakta om hyttegrenda

Her er litt fakta om oss

9Rating på Booking.com
290Meter over havet
500Meter frå Stardalen Sommarkafe
100% rein natur

Kontakt oss

Kontakt oss om du lurer på noko, vi svarer så snart vi kan.