Tur i Veitebergsdalen

Bakkestøylen er eit lett tilgjengeleg turmål. Her er god veg og godt brukt sti, som tar deg til høgste punktet i dalen, 600 m.o.h. Bratte fjell og ein trang dal gir deg kjensla av kor mektig naturen er. Fin utsikt mot Befringsdalen i sør. Turen kan også ende opp på Myklebust i Breim om ein vil gå noko lenger. Turtid frå hyttegrenda ca 3 timar.